Nylig avgåtte programredaktør i NRK, Knut Magnus Berge, fikk denne uken hedersprisen på årsmøtet til Oslo Redaktørforening. Her følger takketalen slik Berge leste den opp på Hotel Bristol denne uken etter avtale med forfatteren. Vi har også valgt å beholde talen i sin opprinnelige språkform.  

Kjære jury, kjære alle, tusen takk!

Overraskande, overveldande og veldig hyggeleg!

Det var reaksjonen min då juryleiar Knut Olav Åmås ringte for eit par veker sidan og fortalte om prisen. Eg blei rørt. Det kjentes som eit solid godkjentstempel på tolv år som leiar i NRK, dei siste fem som programredaktør i Nyhetene.

No er eg altså tilbake blant fotfolket. Og det er jo ikkje kvar dag slike som oss får redaktørprisar. Så takk for det! Men viktigare enn studiene av eigen navle, er kanskje følgande refleksjon:

Den gongen, då Knut Olav ringte, for berre nokre veker sidan, fortona verda seg som ei anna. Det var før Munchen, før gjørmebrytinga på Det ovale kontor, det var før Trumps State of the Union-tale. Det var den gongen vi stolte på ein regelstyrt verdsorden. Med institusjonar som FN, NATO, EU - institusjonar som kjentes sterke, solide.

No synest det meste å være i spel, ingen veit heilt kva som skjer - Grønland, Panamakanalen, Gaza, Ukraina? Verda skjelv!

Og her heime er vi i ferd med å få èin ny reell debatt om norsk EU-medlemskap. Kven kunne forestille seg det for nokre veker sidan?

Vil du få siste nytt fra medie- og kommunikasjonsbransjen før alle andre? Last ned Kampanje-appen og få nyhetsvarsler rett på mobilen.

Det er no det gjeld, folkens! Det er i tider som dette det er viktig å være redaktør og journalist. Og spennande.

Samfunnsoppdraget trer tydelegare fram når det brenn. Vi har ein misjon, eit «purpose», som tenåringsdøtrene mine seier.

Vi er på jobb for demokratiet. Slik er det.

Eit par dagar etter at han ringte meg hadde Knut Olav ein kronikk i Aftenposten:

Eg siterer: «Hver dag offentliggjør Trump-administrasjonen ny politikk som fører til at liberale rettigheter forvitrer og utraderes. En ny forakt for annerledeshet vokser frem støttet av maktbruk. Transpersoner eksisterer ikke lenger offisielt.» Sitat slutt.

Samtidig pågår ein revolusjon med masseoppsigelsar i det føderale byråkratiet i Washington. Og i går kom presidentordren som forbyr visse typar demonstrasjonar ved amerikanske universitet. Trump sprenger skalaen og set oss på prøve. Skal vi forklare, forstå eller avsløre? Eller alt, kanskje? Og kor mykje?

Vi er langt unna amerikanske tilstandar i Norge, men vi har eit demokrati, ein offentleg samtale å dyrke og verne om. Ytringsfridomen.

Vi i dette rom skal sjølsagt fortsette å konkurrere med kvarandre. Men den viktige kampen står mellom oss, som redaktørstyrte norske medier, og globale gigantar.

Det handlar om tillit og truverd i ei tid med sosiale medier og kunstig intelligens.

Vi må vinne - og derfor må vi omstille. I alle mediehus.

For NRK handlar det om at vi må gjere det som krevs for fortsatt å være store. For vi skal være for alle nordmenn. Det er samfunnsoppdraget, det er allmennkringkasting. Vi må engasjere og fange heile breidda av synspunkt, være inkluderande.

Les også: Nå kommer Dagsrevyen i ny drakt: - Mer moderne

Vi skal gi folk det dei bør få, i tillegg til det dei vil ha - Ukraina og Gaza, men også ski-VM og Humoretaten!

Vi skal videreutvikle kjente merkevarer, og dyrke fram nye. «Dagsrevyen» og «Debatten», men også «Oppdatert» og «Kommentert.» Og mykje meir.

Dei som spådde TVs død tok feil. TV er ikkje papiravis, TV er strauming.TV er framtid - ifjor auka salet av TV-apparat.

Vi skal finne nyhetenes og samfunnsdebattens plass i ei valbar, straumeverd. Og vi er på sporet. «Dagsrevyen», til dømes, veks kraftig digitalt i appen NRKTV. Idag er kvar femte dagsrevy-sjåar digital.

Les også: 

I motsetning til dei globale gigantene kan vi spegle Norge. Det er vårt konkurransefortrinn. Og vårt demokratiske «purpose».

På vinteren 2017 var eg utanrikssjef i NRK. Donald Trump var nyvald president, og eg var invitert som gjest på «The White House Correspondents Dinner» i Washington DC.

Les også: NRK stempler Trump-påstander som «usannheter» - TV 2 går ikke like langt

For første gong på nesten 40 år møtte ikkje presidenten opp. Det var eit varsel. Som erstatning hadde arrangøren hyra inn Bob Woodward og Carl Bernstein, Washington Post-journalistane som brakte president Nixon i kne på 70-talet. «We are not fake news», var introduksjonen til deira glitrande tale.

Det var nyhetsbyrået Associated Press som inviterte meg på middagen. Idag er Associated Press kasta ut av å pressepoolen i Det Kvite Hus. Fordi dei ikkje skriv slik presidenten vil. Og redaktørar i Washington Post - som med Watergate-avsløringane var sjølve gullstandarden for fri, kritisk journalistikk - har fått innskrenka meiningsrommet av sin eigen, styrtrike eigar.

Så folkens, det er no det gjeld.

«We are not fake news»!

Takk for pris!

Hedersprisvinner:

Knut Magnus Berge har i mange år vært programredaktør i NRK før han gikk over til å bli journalist ved nyttår. Denne uken fikk han «Årets hederpris» av Oslo Redaktørforenings årsmøte på Hotel Bristol. Foto: Annika Byrde/NTB.