Navn: Ingunn Solheim
Alder: 37
Stilling: Journalist og programleiar i NRK
Årets ferie: – Litt heime på garden i Førde, men mest på hytta ved Lyngør. Har slutta å feriere utanlands fordi eg ikkje er så glad i å reise.
Den perfekte sommermaten: – Krabbeklør. Dei må vere store, heilt ferske og fulle av kjøt.
- Partilederdebatten i Arendal mandag: Erna Solberg mente det var en kaklete debatt med for mange avbrytelser, tar du ansvaret for det?
– På sitt vis, må vi jo det. Vi skal styre debatten slik at folk får snakke og ikkje blir brotne av heile tida. Samtidig er det jo opp til politikarane å velge ein strategi for å lukkast i ein slik debatt. Nokre vel å vere meir rolege, andre vel å vere meir på hugget. Sjåaren får vurdere kva dei likar. Eg trur dei som held tydelege, engasjerte og effektive innlegg og klarar å halde tråden i diskusjonen, er dei som når mest gjennom ruta. Tenk deg sjølv når du diskuterer med venner; det er vanskeleg å følge med hvis nokon plutseleg begynner å snakke om noko heilt anna.
– Tenk deg at du arrangerte en utflukt i sommer og inviterer tre gjester. Hvem tar du med og hvor går ferden?
– Eg tar dei med på turen til Vetvika i Bremanger. For at det skal bli ein tur med kvasse og gøye kommentarar, lite babling og gode diskusjonar, tek eg med Trine Eilertsen, Mimir Kristjansson og Harald Eia. Det er folk som set pris på å gå med ulltrøye, tålar litt regn og finn roen ved havet.
- Hvilken bok vil du anbefale Kampanjes lesere i sommer og hvilken bok ser du selv frem til å lese?
– Eg anbefalar boka «Fredsnasjonen Norge» av Kristoffer Egeberg. Den er tjukk og lang, men veldig interessant og lett å lese. Han skriv truverdig og eg trur eg forstår norsk utanriks- og forsvarspolitikk betre no. Eg ser fram til å lese boka til Mathias Fischer om Sylvi Listhaug.
- Hvem eller hva irriterer deg aller mest i den norske medie- og kommunikasjonsbransjen?
– Det irriterer meg at viljen til å tolke folk i verste meining, mistenke motivet til folk og dyrke det i dagesvis, er så sterk. For det første set folk seg på veldig høge, moralske hestar når dei gjer det og framstår fulle av skadefryd. For det andre gjer det at vi blir sjølvbevisste og redde for å seie noko feil. Og det blir til endelause debattar på Twitter og Facebook, utan at vi kjem nokon veg. Det var ikkje så lurt av Torbjørn Røe Isaksen å kalle quizlaget sitt for «Hvit Makt», men det er heilt uinteressant å stille han til veggs for det.
- Hvem tror du og hvem håper du blir Norges statsminister etter valget?
– Eg føler meg veldig sikker på at etternamnet startar på S. Det er vel så langt eg kan strekke meg i å svare på det spørsmålet.
- Hvilken nyhet fra den siste tiden skulle du ønske var falsk?
– Eg føler meg programforplikta til å svare at eg ikkje vil ha nokon falske nyheiter.
- Bør Facebook og Google være med på å finansiere norske medier?
– Reint prinsippielt bør alle som tenar pengar i Norge, også betale skatt her. Så er det jo litt vanskeleg å vere tilsett i NRK og meine noko om kor vidt andre mediehus bør få direkte, eller indirekte, støtte frå staten. Sjølv om det er mørke skyer over mediehimmelen, så har eg trua på at dei flinkaste kjem seg gjennom krisa og står etterkvart støtt på eigne bein. Eller så dukkar det opp noko nytt og spennande. Alle kriser har potensiale til å føre til noko betre og i botn for det heile ligg nordmenn sitt evige behov for nyheiter, gode tekstar, debattar og kraftfulle bilete.
- Hvem identifiserte du deg aller mest med i «Skam»?
– Det er kleint når vi vaksne prøver å kjenne oss igjen i Skam eller rollefigurane. Sjølv om eg digga serien og karakterane. Men hvis eg tenkjer tilbake på meg sjølv som 17-åring, så trur eg at eg var litt som Eva. Ei nokså vanleg jente, utan for mange issues, men likevel ganske søkande og på jakt etter ein god fest.
- Hvilken bransje eller bedrift kunne hatt behov for påfyll av kunstig intelligens?
– Sunt folkevett og kloke tankar kan aldri erstattast. Men store harddiskar som jobbar raskt, kan jo bidra i alle bransjar. Skulle gjerne hatt ein robot på kontoret som scanna stortingsdokument, forskningsartiklar og rapportar. Slik at eg kan bruke meir tid på å lese det eg kan ha nytte av.
Kommentér