Det er ledig eitt års vikariat med mogelegheit for forlenging som  

MARKNADSFØRAR  

Er du ein dyktig marknadsførar og prosjektleiar? 

Vi søker etter ein dyktig marknadsførar som får ansvaret for kampanjeplanlegging og analyse. Det er ein fordel om du har ein god penn og evnar å jobbe fram gode tekstar til nyheitsbreva våre .  

Du er nysgjerrig på kommunikasjonsfaget, og du har kommersiell teft. Du må ha eit genuint engasjement for marknadsføring, og du trivst på jobb når du kan kombinere analyse, tal, teknologi og kreativitet.  

Du vil og ha ansvar for oppfølging av samarbeidsavtaler med dei strategiske partnarane våre. 

Du vil få moglegheit til styrke kommunikasjonsavdelinga med ny innsikt og bidra positivt inn i eit hyggeleg arbeidsmiljø. 

Vi ser etter deg som har 

  • Kompetanse til å gjennomføre kampanjar frå planleggings- til evalueringsfasen. 
  • Erfaring med bruk av analyseverktøy og testverktøy for å sikre betre resultat. 
  • God skriftleg formuleringsevne, tilpassa ulike kanalar, t.d. nettsider, nyheitsbrev og sosiale medium. Det er fint om du trivst med å uttrykke deg på nynorsk. 
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og som trivst i ein hektisk arbeidskvardag.   
  • Glede av å formidle og selje opplevingar. 
  • Relevant utdanning frå høgskole/universitet. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. 


Vi tilbyr  

  • Faglege utfordringar og interessante arbeidsoppgåver i eit kreativt miljø. 
  • Du blir ein del av ei profesjonell kommunikasjonsavdeling med høge ambisjonar. 
  • Eit godt og sosialt arbeidsmiljø prega av både ulikskap, fellesskap og (god) humor. 
  • Løn etter statens satsar, fleksibel arbeidstid og mange moglegheiter for å oppleve godt teater. 
  • Gode kollektive pensjonsordningar og gunstig ferieordning.  


ER DU DEN NYE KOLLEGAEN VÅR? 

Vi kjem til å vurdere kandidatar fortløpande fram mot søknadsfristen, og vi oppmodar derfor om at du sender inn søknaden tidleg i prosessen.  

Send oss søknaden og CV-en din seinast innan 2.oktober. 

Oppstart etter avtale. Snarleg oppstart er ønska. 

Om du ikkje kan krysse av på alle punkta vi har lista opp ovafor, vil vi likevel høyre frå deg om du tenker at dette er riktig stilling for deg. Vi verdset personlegdom og potensiale aller mest! 

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Thine Sletbakk Bugge, avdelingsleiar, thine.sletbakk@detnorsketeatret.no/ telefon: 400 36 173

Kommunikasjonsavdelinga ved Det Norske Teatret har ansvaret for alle sals- og marknadsaktivitetar knytte til kvar einskild teaterframsyning.  Det omfattar også tett oppfølging av strategiske samarbeidspartnarar, sponsorar og store næringslivskundar. Vi driftar vårt eige billettsystem og har i tillegg ansvaret for mediehandtering, formidlingsaktivitetar, publikumsservice, og omvisingar.  

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå