Miljødirektoratet søker kommunikasjonsrådgivar


Om stillinga

Fast stilling i Oslo

Miljødirektoratet ønsker å vere ein synleg og ettertrakta ekspertkjelde til kunnskap om klima og miljø. Det krev at vi er gode til å kommunisere både internt og eksternt. No søker vi deg som liker operativt kommunikasjonsarbeid, og som forstår korleis ein stor organisasjon som Miljødirektoratet fungerer.

Du har erfaring med å produsere innhald i interne og eksterne kanalar, inkludert sosiale medium. Du gjer komplekse bodskapar tilgjengelege, gir råd til andre og er god til å skrive.

Du vil få ei sentral rolle i å identifisere kommunikasjonsbehov internt og korleis vi best kommuniserer med ulike grupper i organisasjonen, og særleg når vi skal gjennomføre endringar. Du vil bli involvert i arbeidet med å profilere Miljødirektoratet som arbeidsgivar.

Kommunikasjonsavdelinga er til saman 21 medarbeidarar fordelte på Brattøra i Trondheim og Helsfyr i Oslo. Hos oss får du jobbe med dyktige kollegaer, eit breitt spekter av oppgåver og ikkje minst moglegheita til å vere med og løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt.

Stillinga er plassert i Oslo.

Stillinga sine arbeidsoppgåver

  • bidra til å utvikle god informasjonsflyt i organisasjonen
  • bidra med innhald på Miljødirektoratets eksterne nettstader
  • fange opp gode historier internt og å produsere innhald til intranett
  • implementere endringar i organisasjonen og delta i prosjekt som kommunikasjonsrådgivar
  • utvikle og gjennomføre kommunikasjonsplanar og utføre andre kommunikasjonsoppgåver


Kompetansekrav


Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
  • gjerne erfaring med kommunikasjon, organisasjonsutvikling og endring i store organisasjonar
  • gjerne erfaring med tenestedesign
  • erfaring med nettpublisering og utvikling av nettsider, gjerne både eksterne og intranett
  • svært god til å skrive


Eigenskapar

  • Du er god til å bygge nettverk.
  • Du har evne til å produsere innhald og levere i tide.
  • Du kan setje deg inn i komplekse problemstillingar, fagspråk og arbeide etter korte tidsfristar.
  • Du jobbar sjølvstendig og tar initiativ.


Vi tilbyr

  • fast stilling
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, i lønnsspennet kr. 504 700 (ltr. 57) til kr. 704 900 (ltr. 75), etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.


Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er kommunikasjonsdirektør Kjetil Hillestad, tlf. 479 73 546 (kjetil.hillestad@miljodir.no), eventuelt seniorrådgivar Guri Sandvik, tlf. 928 94 797 (guri.sandvik@miljodir.no).

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Merk søknaden: 35-2020 KOM

Søknadsfrist: 20.09.2020

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, hol i CV  og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.

Om oss

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet.